Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Valdres
20. - 24. februar 2019

Hemsingfestivalen

Velkomen til vinterfestival og intime møte med stor musikk i Aurdal i Valdres! Årets festivaltema er røter og forgreiningar. Festivalprogrammet for 2019 inneheld 15 ulike konsertopplevingar på fem dagar med over 30 musikarar på topp internasjonalt nivå. Du får høyre musikk av spennande verdenskjente stjerner som Modigliani Quartet, Julien Quentin, Sharon Bezaly og Andreas Brantelid i tillegg til kjente norske artistar som Mari Eriksmoen, Kåre Nordstoga, Gjermund Larsen og Eldbjørg og Ragnhild Hemsing.

Hemsingfestivalen er eit unikt høve til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgjevnader – utsikt til snøkledde valdresfjell.
I tillegg til kveldskonsertane i Aurdal kirke og Frikar-Smia kan besøkjande hyggje seg med middag og konserten Smak med tonar på Nythun, foredrag og mat på Frydenlund skysstasjon, konsertforedrag på Fagernes folkemuseum, mat og konsertopplevingar på Noraker Gard, matinékonsert i Aurdal fjellkyrkje og guida skitur frå Nythun til Aurdalsåsen til enkelte konsertar der publikum kan teste ut dei fine skiløypene i området.

Sjå heile programmet HER

A-kortpris:
Få 20 % rabatt med A-kortet

Bestill

Hjemmeside

Vis alle tilbud i denne kategorien