Vi behandler din forespørsel, vennligst vent

Nynorskens hus,
16.–18. november 2018

Beethoven på 123 – festivalpass

Engegårdkvartetten og Nynorskens hus med vener: Tor Espen Aspaas, Silke Avenhaus, Øyvind Bjorå, Thorbjørn Gulbrandsøy, Jeaninne Lukusa, Erlend Samnøen, Øystein Sonstad, Georgy Tchaidze, Marianne Thorsen, Vegar Vårdal og Shwan Wahed.

Velkomen til tre dagars utforsking av livet og musikken til Ludwig van Beethoven. Internasjonalt anerkjende klassiske musikarar møter scenekunstnarar, folkemusikarar, akademikarar, studentar, barn og ungdom på ein festival som rommar scene, tekst, samtalar, dans og sjølvsagt musikk.

Fredag 16. november kl. 19.00–21.00 
Opningsfestkonsert

Adagio – Scherzo Molto frå Stryketrio Opus 8 «Serenade» med Torje Gunvaldsen Råbu, Hjalmar Bjerner og Torjus Bjorå frå Nordberg Strykeorkester

Frå Sonett nr. 7 med Jeaninne Lukusa

Song Opus 46 «Adelaide» med Thorbjørn Gulbrandsøy og Tor Espen Aspaas

Strykekvartett Opus 18 nr. 1 i F-dur med Engegårdkvartetten

PAUSE

Klaversonate Opus 110 i Ass-dur med Georgy Tchaidze

Klavertrio Opus 71 nr. 1 i D-dur «Spøkelsestrioen» med Silke Avenhaus, Marianne Thorsen og Øystein Sonstad

Laurdag 17. november kl. 12.00–13.15
Laurdags-kafékonsert: Beethoven improviser
t

Andante Scherzoso quasi Allegretto frå Opus 18 nr. 4 med Nordberg Strykeorkester leia av Øyvind Bjorå

Utdrag frå Opus Wo045 «12 variasjonar på Händels Judas Maccabeus» med Owen Sørbye Davis og Georgy Tchaidze

‘Quasi una fantasia’… Beethovens improvisasjonskunst! Klaversonate Opus 77 «Fantasia» med Tor Espen Aspaas

Laurdag 17. november kl. 15.00–16.30
Heiligenstadt Testamentet

Adagio Sostenuto – Presto frå Opus 47 «Kreutzersonaten» med Silke Avenhaus og Arvid Engegård

Lesing frå Heiligenstadt Testamentet med Juliet Jopling og Tor Espen Aspaas

Klaversonate Opus 109 i E-dur med Georgy Tchaidze

PAUSE

Strykekvartett Opus 95 i f-moll «Serioso» med Engegårdkvartetten

Laurdag 17. november kl. 19.00–21.00
Til Gleda – Fest med Beethoven

Heiliger Dankgesang frå Strykekvartett Opus 132 i a-moll med Engegårdkvartetten

Songsyklus Opus 52 med Thorbjørn Gulbrandsøy og Tor Espen Aspaas

Folkedans, lyrikk og song i ånda «Til Gleda» frå Opus 125, 9. symfoni med Shwan Wahed, Vegar Vårdal, Den mangfaldige scenen, Nordberg Strykeorkester og andre musikarar på festivalen

Søndag 18. november kl. 12.00–13.15
Søndags-kafékonsert: Skugge

Wo046, 7 variasjonar på «Bei Männern, welche Liebe Fühlen» frå Mozarts Tryllefløyte med Øystein Sonstad og Silke Avenhaus

Opus 24  i F-dur «Vårsonaten» med Marianne Thorsen og Georgy Tchaidze

Sint! (tema med variasjonar) med Den mangfaldige scenen

Allegro frå Opus 67 «Skjebnesymfonien» med Nordberg Strykeorkester leia av Juliet Jopling

Søndag 18. november kl. 15.00–16.40
Beethoven og Erkehertugen

Romanse Opus 50 i F-dur med Øyvind Bjorå og Tor Espen Aspaas

Klavertrio Opus 97 i B-dur «Erkehertugtrioen» med Georgy Tchaidze, Marianne Thorsen og Øystein Sonstad

Søndag 18. november kl. 19.00–21.00
An die ferne geliebte

Sonett nr. 7 «Immortal beloved» med Jeaninne Lukusa

Sonate Opus 57 i f-moll «Appassionata» med Tor Espen Aspaas

Songsyklus Opus 98 «An die ferne geliebte» med Thorbjørn Gulbrandsøy og Silke Avenhaus

PAUSE

Strykekvartett Opus 130 i B-dur med Engegårdkvartetten

A-kortpris:
Kr 680

Pris uten fordelskort Kr 780

Tilbudet gjelder for festivalpass.

Bestill

Hjemmeside

Adresse: Rosenkrantz’ gate 8, 0159 Oslo

Vis alle tilbud i denne kategorien